====== Grunnleggjande tilkopling ====== Det (einaste) du treng for å lasta upp og ned tags og bilæte. Slik gjer du: Få Daniel til å senda deg registrationtokens til både //filer// og //tags//. Opna hydrus og gakk inn på //services>manage services>add// Du skal leggja til både eit //hydrus tag repository// og //hydrus file repository//, men tak ein um gongen :) Trykk på //tagrepositoriet//, og skriv inn eit høvande namn (t.d. dods tags). Adressa er hydrus.dodsorf.as og porten stend der allereie (45871). Trykk //create an account with registration token// og skriv inn tokenen du fekk av Daniel. Då fær du ein access-token. __Tak vare på han, fordi det er han som er brukaren din. Legg han i eit txt-dokument eller noko.__ Trykk apply og gjer det same men med //filrepositoriet// denna gongen. __Her er adressa den same, men porten må vera éin høgare: 45872.__ **Ferdig!** Um noko ikkje verkar, kann du ganga på //services>review services>remote// og fikla litt med knappane //refresh account, download now, og process now// under fanone //tag repositories// og //file repositories//. ====== Setja upp nedlastingssnøggleiken ====== Hydrus hev i utgangspunktet ganske låge grensor for databruk. Um du vil lasta ned mykje på éin dag må du setja deim høgare. Gakk til //network>data>review bandwith usage and edit rules//. Dubbeltklikk på //hydrus service: dodsorfas files// (um du gav filrepositoriet ditt eit anna namn so vil det vera her i staden). Trykk på //edit rules//-knappen heilt nedst. Dubbeltklikk på regelen som kjem upp i lista, og set han upp til noko mykje høgare. Eg sette min til 512 GB kvar dag, og det verka greidt. Trykk apply, og apply ein gong til. **Ferdig!** Um du no vil njota arbeidet ditt, kann du merkja alle bilæti i hydrus, høgreklikka, og trykkja //manage>remote services>download all possible selected// for å lasta ned alt.