Grunnleggjande tilkopling
Det (einaste) du treng for å lasta upp og ned tags og bilæte.
Slik gjer du:
Få Daniel til å senda deg registrationtokens til både filer og tags.
Opna hydrus og gakk inn på services>manage services>add
Du skal leggja til både eit hydrus tag repository og hydrus file repository, men tak ein um gongen :)
Trykk på tagrepositoriet, og skriv inn eit høvande namn (t.d. dods tags). Adressa er hydrus.dodsorf.as og porten stend der allereie (45871).
Trykk create an account with registration token og skriv inn tokenen du fekk av Daniel. Då fær du ein access-token. Tak vare på han, fordi det er han som er brukaren din. Legg han i eit txt-dokument eller noko.
Trykk apply og gjer det same men med filrepositoriet denna gongen. Her er adressa den same, men porten må vera éin høgare: 45872.
Ferdig! Um noko ikkje verkar, kann du ganga på services>review services>remote og fikla litt med knappane refresh account, download now, og process now under fanone tag repositories og file repositories.
Setja upp nedlastingssnøggleiken
Hydrus hev i utgangspunktet ganske låge grensor for databruk. Um du vil lasta ned mykje på éin dag må du setja deim høgare.
Gakk til network>data>review bandwith usage and edit rules.
Dubbeltklikk på hydrus service: dodsorfas files (um du gav filrepositoriet ditt eit anna namn so vil det vera her i staden).
Trykk på edit rules-knappen heilt nedst.
Dubbeltklikk på regelen som kjem upp i lista, og set han upp til noko mykje høgare. Eg sette min til 512 GB kvar dag, og det verka greidt.
Trykk apply, og apply ein gong til.
Ferdig! Um du no vil njota arbeidet ditt, kann du merkja alle bilæti i hydrus, høgreklikka, og trykkja manage>remote services>download all possible selected for å lasta ned alt.